Leirskule i Balestrand, mandag

Leirskule i Balestrand, mandag
Så er vi i gang! Flott, varmt sommarver og full fart elles.
Vi er i lag med to 7.klassar frå Årdal i Sogn, - 24 elevar i kvar av dei. I dag har vi fått ein del informasjon og prøvd ut kanoar og robåtar. Vi har fiska litt og ordna med dei to akvaria som gruppene skal fylle i løpet av veka. No i kveld er det mange som nyt fineveret nede på brygga. Der er leirskulesjefen, Bjørn og passar på at alt går som det skal. Nokre sit ute og pratar medan andre spelar lufthockey, bordtennis eller biljard i aktivitetsrommet.
Vi har det kort sagt flott!
For dei foreldra som vil snakke med borna: (Mobiltelefonane som nokre elevar har med seg, skal kun brukast på rommet når elevane er klare for senga)
Ring Reidar viss det er viktge beskjedar på dag-ettermiddagstid.
Klikk her for å sjå bilete frå måndagen på Kringsjå leirskule i Balestrand
Så kjem det ein ny rapport i morgon eller onsdag.
Reidar
Leirskule i Balestrand, mandag