Klatring, springing, flaskebowling, bading og orientering

Klatring, springing, flaskebowling, bading og orientering
Torsdag 10.juni var krinsskulane samla på Karstad skule sitt flotte uteområde i skogen ved vatnet i Solheimsdalen.
Dette opplegget har vi hatt kvart år sidan år 2000.
Først hadde Førde IL. ved orienteringsgruppa, ordna kart, løyper og teknisk utstyr til orienteringsopplegg. Vi gjekk to og tre i lag gjennom ei variert løype i skogen mellom Askvollvegen og vatnet. Alle fann fram, ingen problem - og berre blide fjes1

Så var det tid for grilling, vassing i stranda og massevis av høve for å utfalde seg i naturen. Eivind på Karstad hadde førebudd godt med flaskebowling (steinkast), med balanseløype, klatring etter tau mellom trea, kubbespel og rakettløype der kvar elev sprang ei kort merka løype i naturen med elektronisk tidtaking. Mange sprang nok løypa både 15 og 20 gonger,- på stadig kortare tid!

Ein flott dag i eit fantastisk ver og med stor og variert aktivitet i naturen.
Takk til Karstad skule for god tilrettelegging!

Her kan du sjå bilete frå utedagen i Solheimsdalen
Klatring, springing, flaskebowling, bading og orientering