Kokkekamp for 6. og 7. klasse

Kokkekamp for 6. og 7. klasse
Nokon kjevlar og hakkar så sveitten renn, andre stadar kokar sausane, hevar deigane, vert eggedosisen piska, borda dekka....Det var eit yrande liv i klasserommet til 6. og 7. klassen under årets kokkekamp.

Etter mange timar med førebuingar, var endeleg dagen komen for kokkekampen. I løpet av ca to timar skulle elevane lage eit måltid med middag, dessert og god drikke. Dei stod på og jobba som berre det. Alle vart så vidt ferdige til rett tid, og kunne servere beigeistra dommarar den eine hemielaga delikatessa etter den andre.  Elevane hadde planlagd og bereikna oppskrifter og prisar sjølve. Dei har og vore på Mega for å handle det dei trong til dei ulike rettane. Dei hadde eit visst budsjett å forholde seg til og det greide elevane med glans. (Litt over)
Etter at dommarane fekk ein liten smak av alt, fekk elevane kose seg med resten av maten. Det som gjenstår no er å kåre ei vinnargruppe. I skrivande stund slit lærarane med å setje poeng på maten. Dette var svært vanskeleg, for alt smakte kjempegodt! Den endelege avgjerda kjem på avslutninga, fredag 18. juni. Vi ventar i spenning.