Ein perfekt fjelltur blir det når 16 blide elevar frå 4. - 7. klasse, ein forelder og to lærarar går turen Grimeland - Skaret ein sommardag i strålande solskin.
Vi starta kl. 0835 frå skulen og stod klar og venta på bussen på Indrebø klokka 1400. Då hadde vi bak oss fem og ein halv time med jamn gange og flotte naturopplevingar i vekslande årstider. (Sommar nede og snøflekkar og vår i høgfjellet) Elevane er svært flinke til å gå, - smil, song, latter og leik fylgde oss heile vegen.
Her er bilete frå turen.