Interiør/inventar på Angedalen skule

På FAU møtet tidlegare i år vart det sett saman ei gruppe som i samråd med elevane skal komme med framlegg til nye løysingar når det gjeld inventaret på skulen.

                                        

 

Gruppa består av to lærarar, Mona og Reidar som er valde frå skulen si side, og to foreldrerepresentantar, Rune Hegrenes og Birgitte Steinhovden (begge FAU), som skal kome fram til / få gjennomført naudsynte tiltak/endringar ang. fornying av inventaret på Angedalen skule. Skulen har fått tildelt 25 000,- som skal brukast opp etter prioriterte råd frå gruppa.

Vi hadde møte mandag 14. juni, og alle 4 møtte opp. Gruppa er einig i at tida er overmoden for å skifte ut delar av inventaret på skulen, og ser fram til dette i samråd med elevrådsrepresentantar som skal delta i gruppa etter sommarferien. Fau har fått 5000,- frå Fdv, til nye gardin i gymsalen, og desse er bestilt. Dette er i tillegg til dei 25 000,- som skal gå til skuleinventar generelt. Dei nye gardinene skal hengast opp etter at gymsalen er nedvaska, i løpet av sommarferien.

 

    Vi har hatt oppe til diskusjon:

 

         Inngangsparti, gang og garderobe.

         Lærarkjøkken/lærarrom

         Scena

         Klasseromma

         Rune har skaffa nytt kjøleskap frå Tine

         Tørkeskap

         Nye gardin til gymsalen er bestilt

         FDV (Forvaltning, drift og vedlikehald)

         Dugnad i neste skuleår

 

 

Gruppa arbeider med å lage ei prioriteringsliste, og kjem attende med info når den er klar.

 

Vi i gruppa vil også takke alle dei 12 foreldra som var med å malte listverket i gymsalen kvitt! Tusen takk for positiv og effektiv dugnadsånd!

 

                                                             God sommar!

 

 

Mvh

Birgitte Flaten Steinhovden

Interiørkonsulent og fau medlem